Aktiv og hundekjær turkamerat!

Silje

Legg til i listen
Om Silje

Eg er ei hundeglad kvinne på 23 år som studerer ved Universitetet i Bergen. Eg vaks opp med hundar i min barndom, og sjølv hadde vi i vår familie ein nydeleg golden retriever i 11 år. Eg skulle gjerne hatt ein hund sjølv, men som student er det ikkje mogeleg nett no.

Ettersom eg har hatt hund før, veit eg kor mykje tid og omsorg dette krev. Eg kan tilby din hund mykje av dette. Det er viktig at hundar er i trygge omgivnadar og med trygge omsorgspersonar. Alle hundar er forskjellige med sine personlegdomar, og det er dermed viktig for meg å bli kjend med din hund for å skape tillit. Eg har mykje tolmod, samt utvikla ein kommunikasjon og kjemi med hundar oppgjennom åra, og eg føler meg trygg dersom det skulle oppstå situasjonar på tur. Eg ynskjer rett og slett at din hund skal trivast i selskap med meg.

Eg har passa fleire hundar oppgjennom åra, for naboar og familie heime i Sogn og Fjordane, samt for vener her i Bergen. Eg trivas svært godt med dette. Eg kjem i frå ein aktiv familie, og har alltid vore glad i å vere ute på tur. Eg har også i mange år vore aktiv i norsk friidrett. Eg flytta til Bergen i 2013, og har studert ved UiB sidan då. Eg held til i Bergen sentrum, og tilbyr å lufte hundar. Eg har relativt fleksible dagar på universitetet, og har dermed ofte mogelegheit til å lufte både på dag- og kveldstid. Eg ser på meg sjølv som svært omgjengeleg, roleg og påliteleg.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!

+ Mer
Verifikasjoner
    • ID verifisert
    • Bestått testen
    • Godkjent av DogBuddy
  • Svarprosent: 100%
  • Svarstid: i løpet av noen få timer
  • Avbestillingsregler for alle tjenester Fleksibel
Tilgjengelighet
Gi beskjed til Silje dersom du har noen spesielle tidsønsker
Foretrukne tider for Dagspass:
Levering fra 09:00
Hent før 18:00
  • Eiendom: Leilighet
  • Egne hunder: 0
Alle DogBuddy bookinger inkluderer:
  • Dedikert support & avbestillingsbeskyttelse
  • Opp til 15 mkr ansvarsforsikring
  • Gratis GPS sporing av turer
  • Bilde & video oppdateringer